Fred Mollin

Fred Mollin

Mollin i 2010
Fødd10. februar 1953 (71 år)
FødestadAmityville i New York i USA
FødenamnFrederic Ira Mollin
OpphavCanada
AktivSidan 1972
Instrument
  • Gitar
  • klaverinstrument
  • bass
  • trommer
  • perkusjon
  • vokal
Tilknytte artistar
Plateselskap
  • Walt Disney Records
  • Columbia Records
  • eOne Records
  • EMI Records
  • Atlantic Records
  • Melody Place
Verka som
  • Plateprodusent
  • multi-instrumentalist
  • film & TV-komponist
  • arrangør
  • musikalsk leiar
  • låtskrivar

Fred Mollin (fødd 10. februar 1953) er ein USA-amerikansk og kanadisk plateprodusent, musikar, film- og TV-komponist, musikalsk leiar og låtskrivar.[2] Han har produsert innspelingar for Jimmy Webb, Johnny Mathis, Billy Ray Cyrus, Lamont Dozier og America, og har komponert musikk for Beverly Hills, 90210, Friday the 13th (filmar og fjernsyn), Forever Knight, Hard Copy og mange fleire.[3][4] Mollin vart kjent tidleg i karrieren ved å vera medprodusent (saman med Matthew McCauley) for den internasjonale hitten til Dan Hills, «Sometimes When We Touch» i 1977.[5]

Som artist har han skrive og produsert musikk til ei rekkje barnealbum, mellom anna Disney: Lullaby Album: Instrumental Favorites For Baby, som nådde sjetteplassen den 26. januar 2001 på Billboards Kid Album-lista; og Disney's Princess Lullaby Album, som nådde 23. plassen den 25. oktober 2002 (Billboard).[6] Han skapte musikkgruppa Fred Mollin and the Blue Sea Band, og komponerte og produserte album som Finding Nemo-Ocean Favorites, Lightning McQueen's Fast tracks og andre, hovudsakleg gitt ut på Disney/Pixar.[7]

  1. «Kris Kristofferson: Country Highwayman - Produsent Fred Mollin». Good Reads. 4. juni 2015. Henta 19. april 2023. 
  2. «Fred Mollin». Movies & TV Dept. The New York Times. Baseline & All Movie Guide. 2014. Arkivert frå originalen 18. september 2014. 
  3. Clarke, Frederick S. (1993). Cinefantastique 24. F. S. Clarke. s. 85. 
  4. «Friday the 13th Part VII: The New Blood – A 30th Anniversary Retrospective». Dread Central, By Dave J. Wilson on 13. april 2018
  5. «Juno Awards - Sometimes When We Touch - Fred Mollin». Junos. Henta 19. april 2023. 
  6. «Billboard: Fred Mollin Chart History». Billboard. 24. oktober 2002. Henta 19. april 2023. 
  7. «Amazon - Fred Mollin and the Blue Sea Band albums». Amazon. Henta 19. april 2023. 

Developed by StudentB